Om oss

Om oss

Vestlandske Limtre Industri AS vart etablert i 1975 og har sidan den gong vore ein av dei store verksemdene i Fusa kommune. Ved å ha fokus på god drift og høg kvalitet har me utvikla oss i storleik og marknadsdekning og er i dag 26 ansatte og 3-4 faste sjåførar på transport. Me har kontor og produksjonslokaler på Holmefjord i Fusa Kommune, ca. 1 times kjøring aust for Bergen.

Vestlandske Limtre Industri AS er leverandør av limtrekonstruksjonar, takstolar og I-bjelkar, og er medlem i Norske Limtreprodusenters Forening, og Norske Takstolprodusenters Forening. Bedrifta er òg aktiv i Nordisk bransjesamarbeid både innanfor limtre- og takstolproduksjon.

Bedrifta er godt forankra i den norske marknaden og kan tilby høg kompetanse på konstruksjon og prosjektering av små og store bygg.

+om oss

Kvalitet

Me arbeider aktivt for at me til ei kvar tid skal tilfredsstilla norske og internasjonale krav til kvalitet i produksjonsprosessar og produkt. Vestlandske Limtre Industri AS er CE-sertifisert både for limtre- og takstolproduksjon.

Kompetanse

Det er våre ansatte som skapar gode resultat. Difor prøver me å leggje til rette for eit godt, trygt og utviklande arbeidsmiljø med fokus på fagkompetanse. Me har høg stabilitet blant våre ansatte, noko som gjev oss moglegheita til å utvikla solid kompetanse over tid.

Med ufråvikeleg kvalitetsfokus har bedrifta utvikla seg til å verta ein fagsterk og påliteleg leverandør. Evna vår til å tilpasse oss, og vår solide fagkunnskap, har lagt grunnlaget for alle våre gode kunderelasjonar.

Samarbeid

Me har som mål å liggje i forkant av alle kvalitetskrav med våre produkt, og gjennom tett samarbeid med kundar og leverandørar, kan me levere med fokus på tid, pris og optimale løysingar.

Kontakt oss

Har du spørsmål kring nokre av våre tenester eller produkt? Ta kontakt for ein hyggjeleg og uforpliktande prat.

Adresse: Holsundvegen 310, 5642 Holmefjord
Telefon: 56 58 07 00
E-post: post@vlimtre.no

Prisførespurnad limtre:

Gunnar Utskot: 56 58 07 04
Jan Laupsa: 56 58 07 03
Steinar Rusås: 56 58 07 06

Prisførespurnad takstol:

Bjørn Arve Meyer:
56 58 07 07

Produksjon, transport, spørsmål ang. ordre :

Edvin Ådland:
56 58 07 13

Bestilling, spørsmål ang. ordre:

Karina Strømmen:
56 58 07 00

Økonomi og administrasjon:

Anita Rennesvik:
56 58 07 02

Send oss ein e-post: